KICKOFF 2017

Fagleg påfyll – Motivasjon – Nettverk

Korleis vidareutvikle bedrifta og lykkes betre med salg og marknadsføring?

Bli med på ein herlig konferansedag laurdag 18. mars i vakre Løvli i Hyllestad. Vi lover deg fagleg påfyll, motivasjon og hyggelig samvær med andre næringsdrivande. Kven veit, kanskje vi saman finn nye forretningsmogeligheiter? Vårt mål er å gi deg eit skikkeleg avspark foran den travle vårsesongen, og bidra til at 2017 blir eit år prega av utvikling og vekst for deg og din arbeidsplass.

 

PROGRAM KICKOFF 2017

Sted: Løvli, Sundbotten, Hyllestad
09.30 – 10.00: Registrering og kaffi.

10.00 – 10.15: Velkomen og presentasjon av deltakarane. Merete

10.15 – 11.00: Korleis legge ein klar plan for vekst og skapa ”den raude tråda” i alt verksemda gjer? Merete

11.00 – 11.30: Gruppearbeid. Merete

11.30 – 12.00: Kva er skilnaden på grupper og team? Korleis organisera arbeidet med eit prosjekt? Per Terje

12.00 – 13.00: Varm lunsj

13.00 – 14.00: Uteaktivitet – gjennom kjekke praktiske øvingar erfarer vi hva som er forskjellen på grupper og team. Per Terje

14.00 – 15.00: Korleis skapa engasjement for di merkevare i sosiale media? Bruk av historiefortelling i marknadsføringen. Karen

15.00 – 15.15: Beinstrekk.

15.15 – 15.45: Historia om korleis Lavik-familien snudde ein negativ utvikling til positivitet og nye moglegheiter. Ann-Elisabeth/Merete

15.45 – 16.00: Avslutning og takk for i dag.

 

OVERNATTINGSTILBOD

Meir påfyll medan du nyt den gode kveldsstemningen i vakre Løvli!

Du er i ein egen fredeleg verd i Løvli, her er det godt å vere. Det er laurdag ettermiddag, det er vår i lufta, og vi har ein inspirerande kursdag bak oss. Kva kan vel da være betre enn å bli verande? Setta seg ut med eit pledd og ein kaffikopp og nyte stilla og den klåre luften. Berre vere. La inntrykka frå dagen synke inn. Snakka lavt med ein ven eller eit nytt bekjentskap. Filosofera og spinna litt vidare på dei idéane og tankane som kursdagen har gitt deg.

Ta ei stund i badestampen…eller kosa seg inne i den sjarmerande peisestova. Samle seg rundt bålet i lavvoen. Fylla noko godt i glasset. Lage middag i saman med latter og kyndig veiledning av Ann-Elisabeth og Karen. Ein kokk og ein matelskar som syt for at vi lager ein vidunderleg tre retters middag i lag.

Snakka og le ut i de små timer, sjå opp på den svarte himmelen og nyta at der ikkje er eit lys å sjå på mils avstand. Er vi heldige er det stjerneklart og vi kan nyte eit panorama av en stjernehimmel. Det kjennes som om du er på verdas tak, der øvst oppe i Sundbotten.

Krypa under dyna og vita at i morgon vaknar du til frisk fjell-luft og frukost i Løvli´s lyse og trivelige spisesal i lag med gode kursvener.

Og du veit aldri, kanskje blir det nokon nye felles forretningskonsept og samarbeid ut av denne Kickoff-helga i Løvli?

 

FOREDRAGSHOLDARAR

Merete Svendsen

Engasjert forretningsrådgiver i Hjerteblad Bedriftsutvikling AS / Partner og prosjektleder i BAUTA Utvikling AS

Strategiutvikling – Marknadsføring – Kommunikasjon

Merete er ein patriotisk bergenser med hjarte (og ein hyppig besøkt fritidsbustad) i Hyllestad. Merete har over 20 års erfaring frå det private næringsliv og kompetanse innan forretningsutvikling, strategi, leiing, innovasjon, produktutvikling, sal, merkevarebygging og marknadsføring. Merete starta Hjerteblad Bedriftsutvikling i 2014, og har dei siste åra arbeida med forretningsutvikling og marknadsføring for verksemder langs Fjordkysten.

www.hjerteblad.no
www.bautautvikling.no

Karen Cecilie Heldal

Gründer og historieforteller i Min Historie / Partner og tekstforfatter i BAUTA Utvikling AS

Innhaldsmarknadsføring – Tekst

Karen har brei utdanning og arbeidserfaring innan kommunikasjon, sal, marknadsføring, journalistikk, informasjon og PR. Med eit brennande engasjement for dei gode historiene har bergensaren med fritidsbustad på Lavikdalen dei siste åra arbeida med forteljingar som både fengjer og skaper stoltheit.

www.bautautvikling.no

Per Terje Engedal

Gründer og daglig leder av Organisasjonssykepleie

Per Terje Engedal er utdanna sjukepleier og autorisert ambulansearbeider, har også HMS fra BI, Operativ psykologi fra UIB, Risikobasert HMS fra UIB.

Per Terje har ein lang karriere bak seg innan forebyggjande risikoarbeid, bl.a. som brannkonstabel, ambulanseinspektør og gjennom undervisning og HMS-rådgivning.

Den røde tråda gjennom Engedal sin arbeidskarriere er knytta opp mot omgrepa «læring og dialog», som er fundamenta for å skapa ein organisasjon/bedrift som kan håndtera hendingar som fråviker det daglege. Det å forstå kva som har hendt, og ta lærdom av erfaringa.

www.organisasjonssykepleie.no

Ann-Elisabeth Lavik Akse

Hovedaksjonær og daglig leder av Lavik Kro

Ann-Elisabeth har fått gründerblodet inn med morsmelka.

Familien Lavik har drive handel i Lavik sidan midten av 80-talet, og det som i dag er Lavik Torg, er grunnlagt av Torbjørn Lavik, far til Ann-Elisabeth. Ann-Elisabeth og systrene vart tidleg tatt med i drifta. Familien har i dag fleire næringsvirksomheter i Lavik og heile familien har eit sterkt engasjement for å gjere Lavik til din naturlege stoppestad.

Ann-Elisabeth har fagbrev som kokk i hotellfag og startet Lavik Kro i 2014.

www.lavikkro.no

 

Priser og bestilling

DAGPAKKE 18. mars 2017
Kursprogram kl 09.30 – 15.30 inkl. varm lunsj

Kr 950,- ex. mva.

«Førstemann» pris om du bestiller innen 28.02.17: kr 770,- ex. mva.

 

OVERNATTINGSPAKKE 18. – 19. mars 2017
Kursprogram kl 09.30 – 15.15 inkl. varm lunsj
Noko å ”bite i” etter kursavslutning
3 retters middag (vi lager saman!)
Overnatting i enkeltrom inkl sengetøy
Frokost 19. mars

Kr 1.800,- ex. mva.

«Førstemann» pris om du bestiller innen 28.02.17: kr 1.590,- ex. mva.

Du tar sjølv med det du ønsker å drikke og evt. snacks. (Så får alle det dei sjølv vil ha).

NB! Overnattingsplass er begrensa til 12 personar, så det er ”førstemann til mølla”!

Bestillingsskjema

Arrangørar